Tenestene våre

Oppussing av bad, service på sanitær- og røyrinstallasjonar, drift og vedlikehald av sanitæranlegg i næringsbygg, varme og energi, nybygg, industri, prosjekt og prosjektering. Vi har eit breitt tenestetilbod – både til private hushald og næringskundar. Les meir om tenestene våre her.

Oppussing av bad

Er badet ditt gammalt og slite – kanskje du har hatt skadar og det treng utbetringar? Ta kontakt, vi tek oss av heile jobben!

  1. Vi kjem heim til deg for å sjå på badet og saman finn vi ut kva du treng og kva som er praktisk mogleg. Vi går gjennom kva som må gjerast, og kva du eventuelt kan gjere sjølv.

  2. Kort tid etter får du eit komplett tilbod frå oss, med forslag til løysingar og tredimensjonale teikningar som viser kor flott badet ditt kan bli. Du får ein fast pris, som omfattar snekkar, murar, røyrleggjar og elektrikar.

  3. Dersom du takkar ja til tilbodet, avtaler vi tidspunkt for oppstart og ferdigstilling.

  4. Den dagen vi har avtalt at jobben skal vere ferdig, ryddar vi opp etter oss – og du får 10 års garanti mot fuktskadar, saman med vedlikehaldsinformasjon for dei nye produkta dine.

Service

Treng du service eller ei enkel reparasjon? Vi har alt av utstyr for å utføre både små og store oppdrag.

Når du ringer vakttelefonen vår på 415 52 370, blir du møtt av ein av våre erfarne tilsette som vil vurdere situasjonen din. Du får hjelp over telefonen med ein gong, og vi kan avtale oppmøte neste dag. Dette er ofte tilstrekkeleg og sparer deg for unødige kostnader. Ved behov rykker vi ut og hjelper deg.

 

Drift og vedlikehald

Ved alle prosjekta våre lagar vi drifts- og vedlikehaldsinstruksar for sanitæranlegg. Dette skal vere eit hjelpemiddel for deg som kunde, slik at du har oversikt over kva produkt som er montert kvar i huset ditt – og korleis du skal ettersjå desse.

I tillegg til produkt- og vedlikehaldsinformasjon legg vi ved teikningar over utvendige anlegg, botnleidningar, røyrføringar og varmeanlegg. Då har du full kontroll ved eventuelle påbygg, reklamasjonsspørsmål eller når det skal utførast service på anlegga dine.

 

Varme og energi

I dag er meir enn halvparten av energibehovet i bustaden din knytt til oppvarming. Energibruken i Noreg aukar stadig, og vi må derfor utnytte ressursane meir effektivt. Stadig fleire har oppdaga fordelane med vassboren varme og varmepumpe. Vi i Florø Rør har i fleire år bygd slike anlegg i både store og små prosjekt.

Vi er opptekne av at du som kunde skal få mest mogleg informasjon og kunnskap om alternative oppvarmingsløysingar, slik at du har dei beste føresetnadene for å ta eit val – om vassboren varme passar for deg eller ikkje. Det er så mange fordelar med å installere vassboren varme at ein nesten må spørje: "Tør du la vere?"

 

Nybygg

Å byggje nytt hus er både spennande og utfordrande, og det er mykje å ta omsyn til. La oss hjelpe deg slik at byggeprosessen fører fram til draumeheimen!

Vi gir deg ein fast pris – gjerne med forslag til løysingar og tredimensjonale teikningar som viser kor flott de kan få det. Tilboda som blir gitt, er ofte av standard utføring. Dersom vi kjem tidleg inn i byggeprosessen, kan vi i samarbeid med byggjefirmaet gjere tilpassingar og koordinere desse endringane.

 

Industri

Florø Rør leverer, monterer og vedlikeheld anlegg for industrien.
Vi tek oppdrag innan prosess- og foredlingsindustrien, plastsveising for oppdrettsnæringa, trykkluftsanlegg, gassanlegg, kjøleanlegg, dampanlegg og sprinkleranlegg.

Vi har eit godt utstyrt verkstad for prefabrikkering og ulike mekaniske oppdrag.

 

Prosjekt og prosjektering

Florø Rør har ansvarsrett for prosjektering og utføring innan vårt fagområde. Hos oss teiknar vi prosjekta sjølve. Det betyr at du kan få prosjektering, teikning, kalkyle og utføring av anlegget på same stad. Vi kan vere med heilt frå starten – til å utforme, planleggje og kostnadsberekne prosjekt.

  • Rehabilitering av VA-anlegg

  • Legging av vassleidning

  • Prosjektering og utføring av sanitæranlegg i nye bustadprosjekt

  • Prosjektering og bygging av varmeanlegg og sanitæranlegg

  • Bygging av store sprinkleranlegg

Vi har òg serviceavtalar med fleire av dei største verksemdene i Florø – som Ewos, Aker Yards, BB Tekstil m.fl. Her stiller vi med vår kompetanse innan plast- og stålsveising, i tillegg til ordinære røyrleggartenester.