Slik kuttar du ned på straumrekningane

Her får du våre beste tips for å kutte ned på straumrekningane.

Straumrekninga di blir påverka av om du bur i blokk eller einebustad, kor godt bustaden er isolert, og kvar i landet du bur. Nokre har knapt merka endringar i rekninga, medan andre har måtta kutte kraftig i hushaldsbudsjettet. Slik situasjonen er i dag, kan sjølv små tiltak vere avgjerande for å få ned straumkostnadene.

Kva kan du sjølv gjere for å spare straum?

Bruk mindre vann

Bruk mindre vatn

I Noreg er vi vane med fri tilgang til rimeleg vatn. Det har skapt vanar som kan bli dyre når straumprisen er høg. Heldigvis er det enkle grep som kan gjere stor forskjell:

  • Ikkje la vatnet renne medan du pussar tennene

  • Ikkje sett på halvfulle vaskemaskiner eller oppvaskmaskiner

  • Reparer dryppande kranar

  • Dusj i staden for å bade

  • Bruk kortare tid i dusjen

Det kan også vere lurt å investere i vassparande utstyr. Berøringsfrie, sensorstyrte blandebatteri med fast innstilling for vassmengde kan redusere både energi- og vassforbruk – og dei stenger seg sjølve!

Senk temperaturen

Du treng ikkje skru av all varme, men ved å finne ein jamn og litt lågare temperatur, vil forbruket gå ned. Unngå å justere opp og ned på radiatoren eller varmepumpa heile tida – finn ein temperatur som fungerer utan at det blir for kaldt.

På badet bør du likevel ikkje senke temperaturen for mykje, sidan varmen i golvet hjelper til med å tørke opp fukt og vatn.

Kva kan røyrleggjaren hjelpe deg med?

Vassmålar

Ein vassmålar gir deg god oversikt over forbruket, slik at du kan redusere straumkostnadene. Mål gjerne varmt og kaldt vatn kvar for seg for best oversyn. Du kan installere så mange vassmålarar du ønskjer.

Varmtvassberedar

Mange har dei siste åra sett verdien i å investere i ein god varmtvassberedar. Kva type som passar best for deg, kjem an på kor mange som bruker varmtvatn i husstanden.

Har du ein gammal beredar, vil det uansett vere ein fordel å bytte. Nye smartberedarar er langt meir energieffektive, og du kan få inntil 4000 kr i støtte frå Enova ved installasjon.

Sjekk varmeanlegget og innstillingane

Vassborne varmesystem kan ha feil eller vere dårleg justerte – særleg om dei er gamle. Dette fører til høgare energiforbruk og dårlegare effekt. Ved å få kontroll på anlegget kan du redusere både energibruk og utgifter. Ein slik gjennomgang tek om lag éin time og kostar mellom 1800 og 2500 kr.


Lurer du på om vi kan hjelpe deg?
Ta kontakt – vi i Florø Rør står klare til å gi råd, utføre service og hjelpe deg med å spare straum!